Terje Isungset:
Foto: Jan Magnus Renflot
- Ein verdiskapar
Heilt frå eg starta med eigne prosjekt på midten av 1980 talet, har eg sendt søknader til FFUK. Mange av dei har vorte innvilga, og dette har gitt starthjelp til ei rekke prosjekt.Nokre av dei viktigaste eksempla er: Oppstart av folkefusjonsbandet Orleysa i 1986, innspeling av den første plata i eige navn, ”Reise” i 1997 (Nils Petter Molvær, Per Jørgensen ,Arve Henriksen), CD plata Middle of Mist (solo), og pioner prosjektet med innspeling av ismusikk.
Dette er svært viktige ankerpunkt i min musikalske utvikling. Utan FFUK hadde denne musikken vore uhøyrt i dag.
Eg håpar fondet får eksistere i 50 år til, uavhengig av idol konkurransar, politiske parti, popularitet, kjøparar, lønsemd, rasjonalisering, produktivitet, markedskreftene og økonomane!
FFUK er framleis ein av dei største verdiskaparane i Noreg.
Terje Isungset
Til neste side